Korleis skal det slåast, og korleis blir det dømt?
Som det går fram av poengskalaen så er det kvaliteten som betalar seg best på slåtten, men ved lik sluttsum er det allikevel den med best tid som kjem før på resultatlista.
Stuttljå

Slåtteområdet er eit område på 3x3 meter, der det på to sider er bord som det skal slåast inntil utan at grasstrå blir ståande att. Det same gjeld for stolpe i midten.
I stuttljå blir det gitt poeng for fylgjande ferdigheiter:
- 1 - 10 poeng for kanten. (Kor fint det er slått inntil bord og stolpe)
- 1 - 10 poeng for stubben. (Kor fint det er slått ned mot bakken)
- 1 - 10 poeng for skåren. (Graset skal ligge i ei fin ranke for kvart drag som er slått med ljåen)
- 1 - 14 poeng for tida, der 2 min til 2 min 20 sek gjev 10 poeng.
Det er sprang på 20 sek opp og ned frå dette, der ein ved tid betre enn 2 min får maks 14 tilleggspoeng. Ved dårlegare tid enn 2 min 20 sek blir det for kvart 20 sek gjeve minuspoeng inntil 0 poeng.
Langljå

I langljåklassa skal det slåast eit område med ei bredde på ca 1.8 meter og ei lengde på 8 meter. I kvar ende av teigen er det målt opp bredde og satt opp stikk. Breidda skal vera lik heile vegen, slik at kantane blir jamne.
I langljå blir det gitt poeng for fylgjande ferdigheiter:
- 1 - 10 poeng for kanten. (Om ein har halde kursen i forhold til stikka, dvs. jamn breidde)
- 1 - 10 poeng for stubben. (Kor fint det er slått ned mot bakken)
- 1 - 10 poeng for skåren. (Graset skal ligge i ei fin ranke etter slåttekaren/-jenta)
- 1 - 14 poeng for tida (sjå stuttorv)