Marknaden er open frå kl. 10.00 og ut dagen. Her ventar me utstillerar som lagar husflid, og handverk, samt småskala matproduksjon.

Kvart år fyllas marknaden opp av kvalitetsprodukt som blant anna sølvarbeid, skinnfellar, strikking, quilting, smykke, rosemåling, trearbeid, keramikk med meir. Me ventar både gamle og nye utstillerar også i år, «så du fær tåkå turen til Hjartdal»!

Ynskjer du å vere utstillar?

Marknaden

Me vil med dette invitere deg til å delta som utstillar/selgar på marknaden under årets slåttefestival, laurdag 11. juni. Denne invitasjonen går til personar som produserer husflid og håndverk, samt småskala matproduksjon. Alle lag og foreiningar i Hjartdal kommune er velkomne til å vere med slik at me får synt fram kva som skjer i kommunen vår. Dei siste åra har det vore 500–600 besøkjande på dagen.
Matvarer av ulike slag må seljast innpakka.
Det er berre anledning til å gje ut smaksprøver, da Slåttefestivalen har alt sal av mat og drikke på plassen.

Også i år vil det vera GRATIS å stille ut. Me har 15 bodar under tak, så her blir det «fyrste mann til mylla», utover desse må du ha med eige bord/telt. Kvar bod er ca. 2m brei, sei i fra kor stor plass du treng. Tildeling av plass skjer etter påmelding.

Me ynskjer deg velkomen og ser fram til å møte deg!

Kontaktinformasjon:
Mari-Anne, tlf. 993 89 899
Ellen Skeie, tlf. 992 30 163, e-post: Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.