Dei tre Fjøllmannjentun er Inger Lien, Anne Svånaug Blengsdalen og Gøril Ramo Håve.

Inger Lien kjem frå Møsstrond, der den vokale folkemusikktradisjonen står sterkt. I tillegg til den heimlege tradisjonen har ho sanka stoff frå ulike område og kjelder i Telemark.

I 2013 vann ho Landskappleiken i vokal klasse B og i 2015 vart ho A-klassing. Repertoaret på CD-en "Skattlandet" er stev, slåttestev og bygdeviser. Eit par av visene er etter nedteikningar av bestemor hennar, Signe Vegheim Hamaren (1909‒2003), frå 1930-åra.

Anne Svånaug Blengsdalen er fødd og oppvaksen i Tinn. Ho lærde å spela hardingfele av Gunnar Dahle (1902‒1988). Tinn-tradisjonen merkjer seg ut med stort utbygde og teknisk krevjande slåttar og mange felestille. Ho har tidlegare gjeve ut soloalbumet Scordatura og medverka på fleire andre utgjevingar. Foruten å vera ein god tradisjonsberar på hardingfele, er Anne A-klassedansar.

Gøril Ramo Håve kom til Rauland i 1991 for å studere folkemusikk, byrja å spele langeleik og vart interessert i å finne ut meir om langeleiktradisjonen i fylket. Ut frå nedteikningar frå fleire folkeminnesamlarar har ho ført mange av dei attende til langeleiken. Ein god del langeleikslåttar har funne vegen til hardingfelerepertoaret i Telemark og blitt del av større slåttar. Gøril har ført fleire av desse attende til langeleiken og på Landskappleiken i 1994 vann ho Eldre folkemusikk-klassa med to slåttar frå dette repertoaret.