Kvedarklubben

Kvedarklubben i Hjartdal er for tida ein liten gjeng songglade jenter i alderen 9-12 år. Dei lærer å kveda av Ingvill Buen Garnås, og har alt halde på i mange år. Dei syng mange slags tradisjonelle songar, og synest det er veldig moro å bringe dei vidare!