Sigrid Moldestad

Sigrid Moldestad er ein av Norges fremste artistar innan folk, vise- og tradisjonsmusikk. Ho har eit sterkt fortellerhjarte og ei eiga evne til å berøre publikum anten det er med leikfull kraft eller melankoli og sjølvskrivne viser og tekstar. Ho vaks opp i den vesle bygda Breim, Nordfjord og vart tidlig introdusert for felemusikken. Ho har studert folkemusikk ved Ole Bull Akademiet på Voss og har fordjupa seg i tradisjonen frå sitt heimområde. Det er også denne musikken som er inspirasjon og rot i mykje av det ho skapar sjølv.

Etter ymse studier og jobb, mellom anna nokre som journalist i NRK Sogn og Fjordane og NRK P2 vart ho heiltidsmusikar i år 2000. Sidan den tid har ho gjeve ut fleire plater, både i samarbeid med andre og som soloartist. Held mykje konsertar med både band og mindre besetningar.

Ho har motteke 2 Spellemannsprisar og ei rekkje andre utmerkingar. Er i dag busett i Bergen og jobbar for det meste med eigne prosjekt.

Har gitt ut 5 plater i eige namn. Med platene «Taus», «Sandkorn», «Himlen har sove bort mørkret» og «Brevet til kjærleiken» har ho sidan 2007 plassert seg langt inn i den norske folkesjela.