Kjetil Flatland

Saksofonisten, songaren og songskrivaren Kjetil Flatland frå Seljord i Telemark er aktiv på mange frontar. Han er utdanna frå Norges Musikkhøgskole, og hadde allereie brei erfaring som musikar då han gav ut sitt kritikarroste debutbalbum Ein song til deg i 2015. Albumet var i stor grad eit samarbeid med meisterspelemann og kulturbærar Knut Buen, som hadde skrive fleire av tekstene og melodiane på plata.

I 2017 kom oppfølgjaren, Hyttetankar, der Kjetil sjølv står som opphavsmann for all tekst og musikk. Uttrykket er i skjæringspunktet mellom vise, jazz, folkemusikk og pop, og Hyttetankar haustar strålande kritikar i media.

I tillegg til sitt utøvande virke er Kjetil lærar ved Seljord folkehøgskule. Han har vore med på fleire kulturprosjekt i m.a. Zimbabwe, Mosambik, Sør-Afrika, Libanon og Nepal, og han nyttar musikken til å få nære møte med andre kulturar. Erfaringane og refleksjonane han får tek han gjerne med seg til fjells, der han har god tid til å tenkje.